Stiftinga tar ikkje ferie heilt endå
4. juli samla styret i stiftinga seg og hadde siste tildelingsmøte før ferien.
Det vart lese søknader, vurdert søknader og vedteke fylgjande tildelingar:
Uskedal helselag | Uskedalen | Psykisk helse i eit prestasjons-samfunn | 30 000 |
Norske Reserveoffiserers Forb. | Stord | Digital modell av Bjelland Fort | 20 000 |
Interesselaget Postvegen | Valen | Mur langs Postvegen og plen / tomt | 30 000 |
Ølve bygdelag | Ølve | Høgtalaranlegg | 28 000 |
Omvik stampe- og kvednalag | Seimsfoss | Straumaggregat Omvik stampe- og kvednalag | 15 000 |
Fem tildelingar på totalt kr 123 000 Pr dags dato i 2024 har stiftinga tildelt 63 gåver på sum inntil kr 30 000, totalt kr 1 612 700.
Det er eit breidt spekter av aktivitetar for store og små. Her bidrar frivillege til opplevingar, arrangement og historie blir tatt vare på. Det bidrar til at Kvinnherad blir ein betre og meir aktiv kommune å leva i.
Vi ser fram til ein haust fylt med engasjement og samfunnsnyttige prosjekt!
Comments