• Magnhild Haugland

Leiarskifte i styret


SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad heldt ordinær generalforsamling på Rosendal Fjordhotell måndag kveld. Svein Arne Eidsvik frå Uskedalen takka då for seg som styreleiar etter 12 år. Jan Magnus Aasen (54) frå Ølve vart valt til ny leiar i styret. Han er til dagleg produksjonssjef i Ølve Industrier og har vore med i stiftinga sidan 2018, siste året som nestleiar i styret.

Magnhild Haugland frå Uskedalen vart valt til ny nestleiar i styret, medan Hildegunn Eiane Årthun frå Valen vart valt til nytt styremedlem. Gunnar Våge frå Løfallstrand vart attvalt i styret og Torgny Nundal frå Husnes som leiar i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga godkjende samtidig rekneskapen for 2021, som viste eit resultat på godt og vel 52 millionar kroner. Stiftinga får årleg utbyte på aksjane sine i SpareBank 1 SR-bank, som dannar grunnlaget for gåvene som kjem lokalsamfunnet til gode. For året som gjekk er det bokført 53,5 millionar i slikt utbyte, og generalforsamlinga sette av kr 10 millionar til utdeling i haust og tilsvarande beløp neste vår.


Foto & tekst: Kristian Hus

64 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle