top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Informasjon om innskytarval 2021

Oppdatert: 13. apr. 2021



Val av medlemmer til generalforsamlinga i

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

Org nr: 996 124 789

Er du kunde i SpareBank 1 SR-Bank ASA og har bustadadresse i Kvinnherad kommune, kan du vera med å velja medlemmer til generalforsamlinga i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vart skipa i samband med samanslåinga av Kvinnherad Sparebank og SpareBank 1 SR-Bank 1. november 2010 for at dei verdiane som er bygde opp i Kvinnherad Sparebank skal bli att i og verta forvalta av området. Samla kapital ved skipinga var 350 000 000,- kroner. Stiftinga skal støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i å vidareføra sparebanktradisjonane og skal løysa ut positiv aktivitet i lokalsamfunna gjennom utdeling av midlar til ålmennyttige føremål. SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad eig i dag 6 226 583 aksjar i SpareBank 1 SR-Bank ASA, og er med dette ein av dei største eigarane i banken. Hovudinntektskjelda for stiftinga er utbyte frå desse aksjane.

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad sine styrande organ er generalforsamling og styre. Generalforsamlinga har 18 medlemer og 9 varamedlemer. Av desse vel Kvinnherad kommunestyre 3 medlemer og 2 varamedlemer. Kundane i banken vel 15 medlemer og 7 varamedlemer.

I år skal kundane velja 4 medlemer og 7 varamedlemer til generalforsamlinga.

Eit medlem vert vald for 4 år, varamedlem for 1 år. Liste med namn på noverande medlemer og varamedlemer og kven som er på val er å finna her

Berre dei som siste 6 månadane har hatt bustadadresse i Kvinnherad kommune og i same tidsrom har hatt innskot større enn 2.500 kroner i SpareBank 1 SR-Bank ASA kan veljast, stemma ved valet, eller koma med framlegg på kandidatar. Ingen kan i valmøtet gje meir enn si eiga stemme.

Valet vert førebudd og gjennomført av valkomitéen til stiftinga. Leiar av valkomitéen er Kjell Yri, Geilo 28, 5463 Uskedalen, telefon: 48893150, e-post: kjell.yri@outlook.com

Framlegg på kandidatar til valet må sendast skriftleg (e-post eller brev) til valkomiteen v/leiar seinast 7 dagar før valet. Framlegget skal innehalda namn, adresse og fødselsdato på den som sender framlegget, og namn, adresse, fødselsdato og yrke til kandidaten. Valkomitéen innstiller på forslag til kandidatar og set opp prioritert valliste som vert lagt fram på valmøtet.

På grunn av koronapandemien vil valmøtet i år finna stad:

Onsdag 14. april 2021

Hjå Kvinnherad Næringsservice, Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Viktig! For å unngå store grupperingar og at alle kjem samtidig, vil valet skje i tidsrommet kl. 18:00 – 19:00. Vi ber om at alle viser omsyn, bruker munnbind og antibac!

Kjell Yri

Leiar av valkomitéen



142 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Søknadsportalen er nå stengt!

Tirsdag 9. mars klokken 12:00 stengte søknadsportalen. Stiftinga mottok til sammen 141 søknader og samlet søknadssum var godt over 37 millioner kroner. Søknadsmassen var noe høyere enn forrige søknads

bottom of page