top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

– Eg har nok verdas beste jobb


Bente Lie Nilsen har gjort unna fire gåveutdelingar som dagleg leiar for Sparebank 1-stiftinga. 64-åringen frå Herøysundet har eit langt liv med kjøpmannsskap bak seg, og er definitivt van med å halda orden på både vareflyt, budsjett og nærkontakt med kundar, frå dei mange åra i Spar-butikken i Uskedalen.


I samband med den siste samlinga i mai kunne ho koste på seg å tinge eit par ekstra kaker til gjestene, for å markere at stiftinga sidan oppstart har passert 150 millionar kroner i gåver til lokale lag, organisasjonar og prosjekt. Først og fremst i Kvinnherad. Men også pengar som har kome kommunane Stord og Ullensvang til gode.


– Eg har nok verdas beste jobb. Og eg trur eg snakkar for alle, når eg seier at me er ekstremt heldige som har stiftinga som bidrar til at frivillige lag og organisasjonar får realisert både små og store prosjekt, smiler Bente.


Men til liks med styreleiar er ho oppteken av å fortelje at stiftinga er til for absolutt alle laga og organisasjonane i både Kvinnherad og nabokommunane.

– Det er ikkje slik at nokon ikkje kan søkje. Og det er heller ikkje slik at nokon søknadar er for dårlege til å konkurrere om pengar. Manglar skriva informasjon som me ønskjer skal vere med, ja då tek eg berre kontakt og ber om litt fleire opplysningar, forsikrar dagleg leiar.


Sjølv er ho ekstra svak for korpsmusikk.

– Om eg leitar godt i arkivet mitt, dukkar det gjerne opp nokre bilete av meg, ein kornett og ei altfor stor uniform. Saman med dei andre i Herøysund musikklag. Eg var veldig ung då eg starta, men om det tok litt tid å veksa inn i korpsmunduren, er det framleis tider eg minnest med stor glede, smiler ei som også har involvert seg ein del i det lokale idrettslaget.

– Eg har vel gjort det same som mange andre gjer i sine bygder. Engasjert meg i lag og organisasjonar, til beste for det store fellesskapet og familien.

No er eg så heldig å ha ein jobb der eg kan vere med å leggje til rette for at det rike lags- og organisasjonslivet i Kvinnherad kan ha gode kår også i tida som kjem.


172 visninger0 kommentarer

Comentarios


bottom of page