top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

– Eg er svært takksam for å ha fått dette vervet, og kjenner på eit stort ansvar.


Dei som var til stades på den siste gåveutdelinga, i starten av mai, fekk oppleve styreleiar Jan Magnus Aasen i duett med Gunn Gravdal Elton. Sistnemnde som lukkeleg mottakar av pengestønad til dei såkalla «Odda-konsertane». Fint vart det. Etter eit langt liv som bassist og vokalist i diverse band-konstellasjonar på nordsida av kommunen vår, visste Aasen at dei gamle kunstane enno ikkje har gått i gløymeboka.


– Musikk har alltid vore viktig for meg. Eg var med å starte band allereie på ungdomsskulen. Har spelt mykje til dans, og har framleis glede av å klimpra litt på både gitar og orgel, røper mannen som til dagleg er produksjonssjef på travle Ølve Industrier. Og som tok over stafettpinnen som styreleiar i Sparebank 1-stiftinga for eit godt år sidan. Etter at Svein Arne Eidsvik hadde hatt «jobben» i heilt sidan 2010.


– Eg er svært takksam for å ha fått dette vervet, og kjenner på eit stort ansvar. Noko som eg definitivt deler med kompetente styrekollegar, og ein dagleg leiar som legg det aller meste til rette for oss. Me har også veldig gode retningsliner for å ta gode avgjerder, slår Jan Magnus fast.


Han er like fullt levande oppteken av at stiftinga skal femne endå breiare enn ho gjer i dag.

– Med så mange søknadar som me får inn kvart halvår, er det lett for å tru at alle kjenner til oss. Men eg er ganske så sikker på at det framleis er organisasjonar og lag som tenkjer at her er det ikkje noko å henta for dei. Men det kan det så absolutt vere, oppmuntrar styreleiaren i stiftinga.


Han veit samstundes at stiftinga ikkje klarer å gjere alle til lags.

– Me pleier ikkje å grunngje avslaga våre. Og sjølv om søknadane er aldri så gode, kan det vere at dei ikkje når fram i første forsøk. Då gjeld det berre å prøve på ny, seier Jan Magnus Aasen.

359 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page