SPAREBANK 1 STIFTINGA KVINNHERAD bidrar til fortsatt "Alltid ope for alle" med kr. 100 000
Interesselaget Vardhaugselet er eit frivillig lag som har gjort ein fantastisk jobb med bygging og gjenreising av 6 opne hytter i fjellet i Kvinnherad under mottoet «Alltid ope for alle». Interesselaget vart skipa i 2001 og Vardhaugselet var det første prosjektet som stod ferdig i 2002. Selet er reist på gamle stølsmurar frå 1840-50 talet og ligg i fjellet ovanfor Valen. I 2018 stod hytte nr seks ferdig. Dei andre hyttene er Olderbotn, Svartavatnet, Børsdalsselet, Blådalshytta og tilslutt Dyrrindo. I tillegg har laget bygd uteplass ved Husnestunet for dei på "Bestastova" og bru over Hellandselva ved Bremsstølen. Det er svært mange som besøker hyttene på dagstur, og Vardhaugselet er det mest besøkte med over 1000 pr år. Det er på Dyrrindo, Svartavatnet og Blådalshytta det er flest besøkande som overnattar. Dei hyttene har og høgast standard med mellom anna madrasser i sengene. Blådalshytta har turisthytte-standard. Alle hyttene har kokemuligheter, utedo og vedhus. Det er visjonen " Alltid ope for alle" som er drivkrafta til dei frivillige som i over 20 år har stått på for å fremje folkehelse, friluftsliv og turglede.
SpareBank 1 Stiftinga er glad for at vi kan bidra til vidare aktivitet med mottoet alltid ope for alle. Vi ynskjer lukka til vidare.
Ove Tvedt er takksam for gåva. Her isaman med styremedlem Hildegunn Eiane Aarthun og styreleiar Jan Magnus Aasen frå Stiftinga.
Ove Tvedt med beviset på kr. 100 000.
Comments