top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

1nntil kr 9 000 000 (9 millionar) skal Styret og dagleg leiar dela ut hausten 2023.

Styret og dagleg leiar i SpareBank 1 Stiftinga vil nok ein gang understreka forventningane til gåveutdelinga vi snart skal starta med . SØKNADSRUNDE nr. 2-2023 opnar 5. september og det er god grunn til å starta planlegging om din organisasjon har eit prosjekt dei ynskjer søkja midlar til. Her er ei enkel rettleiing, er det spørsmål er vi her for deg. Ta kontakt.








Det er overskuddet frå SpareBank 1 Sr-Bank som gir grunnlaget for summen på kvar gåvetildeling.

Forventningar vi hadde til søknadsrunden våren 2023 er lika aktuelle ved haustrunden:

Styremedlem Hildegunn E. Aarthun Glede, givarglede. Det gir masse energi og engasjement til alle frivillege etter ein lang periode med nedstenging.



Nestleiar Magnhild Haugland Gi kvalitet til kvardagen. Oppleva kva organisasjonar får til for seg sjølv og andre.

Auka trivsel for enkeltpersonar og grupper på kryss og tvers av nedslagsfeltet vårt.



Styremedlem (fast vara ) Torill Lyngnes Ærefullt oppdrag der vi får påvirka til at gode prosjekt blir starta og fullført. Gåva frå Stiftinga er avgjerande for at gjennomføring er mogeleg.

Oppleva mangfaldet i Kvinnherad kommune, Stord og Odda



Styreleiar Jan Magnus Aasen Gleda over å bidra til mangfaldet. Sjå viktigheita og oppleva gleda til gåvemottakar om summen er kr. 5 000 eller kr 500 000. For kvar og ein er det lika betydningsfullt.



Styremedlem Gunnar Våge Gir stor glede å vera med på å dryssa små og store beløp utover kommunen vår. Dette resulterar i at vi får ein betre kommune å bu, arbeida og leva i.

Dette gjeld og Stord og Odda med dei bidraga som Stiftinga bidreg med i dei områda.



Dagleg leiar Bente Lie Nilsen

Gleda er stor når vi snart opnar søknadsrunde nr 2 i 2023.

SpareBank 1 Stiftinga er med og skapar ein stor forskjell for frivilleg arbeid.

Vi går audmjuke inn i tida med vurdering av søknadar og ser fram til ardeidet.

Vi er stolte av:


Vi skal løfte frivillig engasjement og innsats












85 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page