Vi har tatt ein fot i bakken og ynskjer beskriva kort kva styret og dl har av forventningar til gåvetildelinga denne hausten.
Det er overskuddet frå SpareBank 1 Sr-Bank som gir grunnlaget for summen på kvar gåvetildeling.
Forventnigar:
Styremedlem Hildegunn E. Aarthun Glede, givarglede. Det gir masse energi og engasjement til alle frivillege etter ein lang periode med nedstenging.
Styremedlem Magnhild Haugland Gi kvalitet til kvardagen. Oppleva kva organisasjonar får til for seg sjølv og andre.
Auka trivsel for enkeltpersonar og grupper på kryss og tvers av vårt nedslagsfelt.
Styremedlem (fast vara ) Torill Lyngnes Ærefullt oppdrag der vi får påvirka til at gode prosjekt blir starta og fullført. Gåva frå Stiftinga er avgjerande for at gjennomføring er mogeleg.
Oppleva mangfaldet i Kvinnherad kommune, Stord og Odda
Styreleiar Jan Magnus Aasen Gleda over å bidra til mangfaldet. Sjå viktigheten og oppleva gleda til gåvemottakar om summen er kr. 5 000 eller kr 500 000. For kvar og ein er det lika betydningsfullt.
Styremedlem Gunnar Våge Gir stor glede å vera med på å dryssa små og store beløp utover kommunen vår. Dette resulterar i at vi får ein betre kommune å bu, arbeida og leva i.
Dette gjeld og Stord og Odda med dei bidraga som Stiftinga bidrar med i dei områda.
Styreleiar Bente Lie Nilsen
Gleda er stor når vi no opnar søknadsrunde nr 2 i 2022.
SpareBank 1 Stiftinga er med og skapar ein stor forskjell for frivilleg arbeid.
Vi går audmjuke inn i tida med vurdering av søknadar og ser fram til ardeidet.
Vi er stolte av at:
Vi skal løfte frivillig engasjement og innsats
Comments