Personvernerklæring
For å sikre at personopplysningane handsamas på ein sikker og forsvarleg måte har vi etablert følgjande retningsliner.
Overskrift 1
1. Innleiing
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad, adresse Stabburshaugen 5, 5460 Husnes er handsamingsansvarleg for registrering av personopplysningar i samband med verksemda og realisering av føremålet som er vidareføring av sparebanktradisjonen, gåveutdeling og kapitalforvaltning.
Stiftinga handsamar personopplysningane i samsvar med den til kvar og ein tid gjeldande personvernlovgjeving. Regelverket skal beskytte personer mot misbruk av personopplysningar.
Stiftinga er opptatt av personvernet til personar kor Stiftinga har registrert personopplysningar:
-
Styremedlemmar
-
Generalforsamlingsmedlemmar
-
Tilsette
-
Gåvesøkarar og gåvemottakarar
2. Føremålet med handsaminga
For å kunne administrere arbeidet med stiftingas føremål og aktivitetar må stiftinga handsame visse personopplysningar. Vi nyttar personopplysningar berre til følgjande føremål:
-
Handsaming av gåvesøknadar og oppfølging av gåvemottakarar
-
Administrere arbeidsforhold til tilsette og tillitsvalde
-
Oppfølging og dialog med leverandørar
3. Kva for personopplysningar handsamas
Berre personopplysningar som er naudsynt for å gjennomføre føremålet til verksemda.
4. Handsamingsgrunnlag
Stiftinga har ifølge personopplysningslova rettsleg grunnlag til å handsame personopplysningar for å kunne gjennomføre føremålet.
Stiftinga take imot samtykkje frå personar kor personopplysningar er lagra hjå Stiftinga, gjennom å oppfylle avtaler med den registrerte, eller ein konkret aksept frå personen, basert på Stiftingas vilkår for handsaming.
5. Sikkerhet
Stiftelsen vil kontinuerlig sjå til at personopplysningar ikkje blir misbrukt, og at dei er korrekte.
6. Personopplysningar til tredjepartar
Stiftinga kan gi tredjepartar tilgang til personopplysningar når det er naudsynt for å gjennomføre føremålet. Døme på slik tredjepart er IT-leverandør og rekneskapsførar.
Stiftinga inngår datahandsamar avtalar med underleverandører som kan få tilgang til personopplysningar. Disse tredjepartane vil ikkje kunne nytta slike personopplysningar til andre føremål enn det som er avtalt med Stiftinga.
Personopplysningar kan bli utlevert til tredjepartar som opphalde seg utanfor EØS-området i samband med realisering av føremålet.
7. Rettighetar / innsyn
Den registrerte kan krevje innsyn i opplysningane, og krevje retting eller sletting av personopplysningar, medrekna be om avgrensa bruk av personopplysningar, samt protestere mot bruken av dei.
Den registrete kan be om dataportabilitet, det vil si at personopplysningar registrert hos Stiftinga kan overførast til ein tredjemann.
Den registrete har rett til å klage til Datatilsynet dersom dei meiner Stiftinga handsamar personopplysningane i strid med personvernreglane.
Førespunader om innsyn i kva for ein personopplysningar Stiftinga har lagra kan sendes til:
bente@sb1sk.no eller post@sb1sk.no
8. Oppbevaring og sletting av personopplysningar
Stiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lengre enn det som er naudsynt for å administrere og gjennomføre føremålet, med mindre Stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane.
-
Personopplysningar oppgitt i gåvesøknadar vert lagra i inntil 10 år.
-
For tilsette og tillitsvalde vert personopplysningane lagra i perioden dei er tilsette/valde for, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger.
9. Endringar
Oppstår det endring i våre tenester elle endring i regelverk om behandling av personopplysningar, kan det medføre behov for oppdatering av denne informasjonen. Oppdatert informasjon vil ein finne lett tilgjengeleg på nettsida vår.