top of page

Siste nyhende



Det var den rette ramma rundt opning av turstien over Skårhaug. Sol, skyfri himmel, snødekte toppar Geitadalstind og Englafjell , musikklaget og ikkje minst nyutsprungen bjørk. Legg du til nybaka kaker og kaffi, ja då er det full score for ein perfekt dag. Og det var det verkeleg denne søndagen i mai.



Åse Neset og Jofrid Eik stilte i bunad. Er dei ikkje flotte?

Gjennom to trinn har ein fått bygd ein flott turveg i Uskedalen sentrum. Det er gjennom Uskedalen Friluftslag det er sendt søknader til SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad. Tilsaman er det løyvd 280 000,-. Med god dugnadsånd, dyktig lokal entrepenør, Haugland Mjølk og Maskin og midlane frå stiftinga, har ein fått til ein veg som vil stå seg i all slags ver. Det er gjort eit godt stykke arbeid, og som Audun Eik sa; denne vegen vil liggja her i mange hundre år! Det håpar vi du har rett i.



Kristian Bringedal får blomebukett av Audun Eik, for god gjennomføring av prosjektet.








Vi takkar for å få vera med på dette prosjektet, og håper den vert flittig brukt,

Stiftinga gjennomførte gåveutdeling tirsdag 2. mai. For ein kjekk fest. Her var det bare fornøgde gjester.

Vi tildelte 84 gåver på totalt kr 11 200 000. Gåvene varierte frå kr 5 000 til kr 650 000

Denne søknadsrunden var det 205 søknader på totalt kr 37 000 000

Alle var lika glade uavhengig av sum dei fekk tildelt. Kvar og ein fekk gåver til sitt prosjekt som no kan gjennomførast til glede for mange.

Det var stor variasjon i omsøkte prosjekt og det igjen gir eit stort mangfald. Det er mange aktivitetar alle kan velja mellom.

Vi visar her eit knippe bilder frå festen, fotograf alle bilder er Vidar Alfarnes.

Bildene talar for seg sjølv. Det var god stemning, god mat og god underholdning.

Vi skal visa alle gåvemottakarane på FB sida vår iløpet av dei neste dagane.

Her blir gjestene tatt godt imot av Gunnar , Torill og Jan Magnus



Gjestene strålte allerede før dei kom inn i festpynta sal.



Magnhild tar imot gjestene med eit stort smil


og her tar ho imot ordførar, varaordførar og kommunedirektør

Champis skal alle få

Endeleg kom det heis på plass opp på scenen slik at alle gjestene kom seg enkelt opp for å ta imot gåva.

Festsalen er pynta og klar til å ta imot 150 gjester

Gjestene kosar seg med nydeleg mat laga på kulturhuset.



IL Trio har mange prosjekt som skal realiserast det neste året. Stiftinga ynskjer lukka til

Drøsen gjekk rundt borda.

Gunn Gravdal Elton og Magnhild Salvesen frå Oddakonsertane underholdt i pausen

Gunnar var fyrstemann ut til å dela ut gåver til spente gjester.



Jan Magnus Aasen tok utfordringa og sang duett med Gunn Gravdal Elton. Sporty! Han kan synga den karen.

Kjekt å prata isaman med andre gjester

Gunn Gravdal Elton og Magnhild Salvesen

Oddvar Onarheim er ein god mann å ha i bakhand på kulturhuset. Han kan alt.

To blide damer kosar seg.




Det er ikkje tvil om at drøsen gjekk her.....

her......

og her


Her må noken ha fortalt ein god historie:) Herleg bilde.

Gåvene er verdt god applaus og det fekk dei.



God prat rundt bordet skapar stemning.

Bare smilande gjester, då er det ingen sak å laga til fest.



Gåvene er verdt god applaus og det fekk dei.



Maten var topp10!

Fantastisk jobb og fantastisk mat.

Vi måtte markera at stiftiga har tildelt over kr 150 000 000

Her var det mykje å velja i...




Fornøgde gjester er alltid det beste resultatet for ein god fest.

150 gjester koste seg i Festsalen på Kulturhuset på Husnes







Hildegunn snakka varmt om frivilligheten. Den er viktig for alle frivillige organisasjonar. Stiftinga bidrar og heiar på alle frivillige.




Arne Torget oppsummerte festen heilt strålande, som alltid. Tusen takk til kvar og ein som skapte god stemning og ein fin fest.














Gratulera med opning av flotte KVINNHERAD ARENA. Ein storslått opning der alle kunne studera det flotte bygget og all aktivitet som det husar.

Det var rørande å sjå gleda som barn, unge og voksne viste når dei gjekk på omvisning og fekk prøva aktivitetane. Vi er heldige som har fått ein fleirbrukshall til vår kommune, her er det plass til eit mangfald av aktivitetar. Planane starta i 2011 og idag er den klar til bruk. SpareBank 1 Stiftinga er stolt medspelar.

Her legg vi til nokre bilder frå opninga:


Olida Skarveland og Lotta Mathisen spelte volleyball for fyrste gang i ny hall. No håpar dei det er mange fleire som vil starta med denne kjekke sportsgreina.

Kvinnherad Handballklubb representert med jenter 15-16

Utstyret er på plass

Hallen har stor boltreplass

Vafler, kaker, kaffi og anna drikke sto flinke jenter frå Kvinnherad handballklubb for , her representert med Johanna Gjerde

Styreleiar i Stiftinga Jan Magnus Aasen og kommunedirektør Gunn Fosse ventar spent på opningsseansen

Dagleg leiar i Kvinnherad Arena Daidalos Dahle strålte som sola. Det er no det startar.

Trivselvakt var rett navn på dei kjekke representantane som skapte god trivsel

Jan Magnus Aasen og Gunn Fosse ventar i spenning

Styret og dagleg leiar i SpareBank 1 Stiftinga er stolte over resultatet som Kvinnherad Arena visar.



Ordførar Hilde Enstad og Varaordførar Leif Sverre Enes , dette er ein stor dag for Kvinnherad Kommune


Rigging av scene og lyd =Oddvar Onarheim



Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

bottom of page