top of page

Siste nyhende

Skal banen brukast på kveldstid må det vera lys, godt lys. SpareBank 1 Stiftinga er stolt over at vi kan bidra til stor aktivitet blant barn og unge på Kvednabekkjen i Kvinnherad både på dagtid og gjennom mørke kveldar.


Eskil Moen, leiar i fotballgruppa Trio, oppsummerer bruken på banen slik:


Det blir gjennomført ca 35 treningar i veka på Kvednabekkjen fordelt på Trio sine 22 lag. Banen er for dei fleste treningar delt i 2 eller 4 på grunn av kapasiteten på banen.


Treningstider er frå 16:30 til 21:00 mandag til fredag.

Ein rask gjennomgang av alle laga i medlemsregisteret visar at vi har 311 aktive spelarar på laga. 37 av er på A-lag eller juniorlag, ca 120 i ungdomsavdelinga (13-16) og ca 154 i barne-avdelingen.


Så langt i år har Trio sine lag spelt 59 heimakamper, der 38 har vore spelt på Kvednabekkjen. Fyrste heimakamp blei spelt 19.4. Det gir et snitt på 6,5 heimakampar pr veke, 4,22 på Kvednabekkjen. (Husnes Stadion har hatt 6 kampar og 15 har blitt spelt i Valeparken.)

Terminlistene for resten av året er ikke klar for alle laga, men det er rimelig å anta at omfanget blir omtrent likt. Det betyr at Trio sine lag vil spela ca 120 heimakamper i løpet av sesongen, 70-80 av dei vil gå på Kvednabekkjen.


Mange av laga kjører treningar hele vinteren . Sjølv om kampsesongen for ordinært seriespel normalt sett avsluttast i oktober blir banen brukt til trening 12 månader i året med litt færre lag midtvinters.


Nytt lys kjem svært mange tilgode og Trio er rusta til haust og vintermørke.


Kenneth Ingvaldsen, styreleiar Jan Magnus Aasen, styremedlem Hildegunn Eiane Aarthun, Eskil Moen og Knut Prestnes. Trio var svært takksam for gåva som kjem mange barn og unge tilgode.

Leiar i fotballgruppa informerer om aktiviteten i laget.

SPAREBANK 1 STIFTINGA KVINNHERAD bidrar til fortsatt "Alltid ope for alle" med kr. 100 000

Interesselaget Vardhaugselet er eit frivillig lag som har gjort ein fantastisk jobb med bygging og gjenreising av 6 opne hytter i fjellet i Kvinnherad under mottoet «Alltid ope for alle». Interesselaget vart skipa i 2001 og Vardhaugselet var det første prosjektet som stod ferdig i 2002. Selet er reist på gamle stølsmurar frå 1840-50 talet og ligg i fjellet ovanfor Valen. I 2018 stod hytte nr seks ferdig. Dei andre hyttene er Olderbotn, Svartavatnet, Børsdalsselet, Blådalshytta og tilslutt Dyrrindo. I tillegg har laget bygd uteplass ved Husnestunet for dei på "Bestastova" og bru over Hellandselva ved Bremsstølen. Det er svært mange som besøker hyttene på dagstur, og Vardhaugselet er det mest besøkte med over 1000 pr år. Det er på Dyrrindo, Svartavatnet og Blådalshytta det er flest besøkande som overnattar. Dei hyttene har og høgast standard med mellom anna madrasser i sengene. Blådalshytta har turisthytte-standard. Alle hyttene har kokemuligheter, utedo og vedhus. Det er visjonen " Alltid ope for alle" som er drivkrafta til dei frivillige som i over 20 år har stått på for å fremje folkehelse, friluftsliv og turglede.

SpareBank 1 Stiftinga er glad for at vi kan bidra til vidare aktivitet med mottoet alltid ope for alle. Vi ynskjer lukka til vidare.

Ove Tvedt er takksam for gåva. Her isaman med styremedlem Hildegunn Eiane Aarthun og styreleiar Jan Magnus Aasen frå Stiftinga.

Ove Tvedt med beviset på kr. 100 000.











SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad heldt ordinær generalforsamling på Rosendal Fjordhotell måndag kveld. Svein Arne Eidsvik frå Uskedalen takka då for seg som styreleiar etter 12 år. Jan Magnus Aasen (54) frå Ølve vart valt til ny leiar i styret. Han er til dagleg produksjonssjef i Ølve Industrier og har vore med i stiftinga sidan 2018, siste året som nestleiar i styret.

Magnhild Haugland frå Uskedalen vart valt til ny nestleiar i styret, medan Hildegunn Eiane Årthun frå Valen vart valt til nytt styremedlem. Gunnar Våge frå Løfallstrand vart attvalt i styret og Torgny Nundal frå Husnes som leiar i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga godkjende samtidig rekneskapen for 2021, som viste eit resultat på godt og vel 52 millionar kroner. Stiftinga får årleg utbyte på aksjane sine i SpareBank 1 SR-bank, som dannar grunnlaget for gåvene som kjem lokalsamfunnet til gode. For året som gjekk er det bokført 53,5 millionar i slikt utbyte, og generalforsamlinga sette av kr 10 millionar til utdeling i haust og tilsvarande beløp neste vår.


Foto & tekst: Kristian Hus

Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

bottom of page