top of page

Siste nyhende




Vi i stiftinga er klare, og søknadsportalen er open! Det har allereie kome inn over 50 søknader i 2024.


Søknader opptil kr 30 000 blir vurderte etterkvart som dei blir mottekne. Søknader over kr 30 000 blir vurderte til dei ordinære gåvetildelingane vår og haust.

Søknadsportalen vil bli stengd 5. mars og opnar igjen 23. april.

Har di organisasjon eit prosjekt som treng midlar til gjennomføring? Bruk god tid på søknaden og start tidleg med planlegging.

Legg ein god plan, lag eit budsjett og hent inn prisar på prosjektet.

Send ei beskriving av prosjektet og send inn søknad innan 5. mars.

Har de spørsmål, ta kontakt, og vi hjelper så langt vi kan.

og her er link til retningslinene våre for gåvetildeling https://www.kvinnheradstiftinga.no/retningsline-gave







Her visar vi eit knippe bilder frå festen vi arrangerte mandag 14.11 i forbindelse med gåvetildeling. Det er ikkje tvil om at stemninga var god.

Det er eit stort og breitt tilbod av aktiviteter i kommunen vår. SpareBank 1 Stiftinga er stolt støttespeler for dei frivillige.

Alle gåvemottakarane med bilder vil vi legga ut på FB iløpet av denne veka.

Bildene kan alle fritt bruka på sine sider.

Vi takkar kvar og ein for bidrag til at festen blei vellukka.



Fin underholdning frå Kjell Skarsford og Ellen Marie Vigrestad. Tusen takk til dei.

Styreleiar Jan Magnus Aasen ynskjer velkommen

Mathias Zimmermann informerte engasjert om Newtonrommet og deira aktiviteter.

Ventar spent på gåva

God stemning rundt borda

Hildegunn og Torill ynskjer velkommen med eit glas champagne

God drøs.

Kun blide ansikt i Festsalen denne kvelden

Skateklubben blir ynskt velkommen

Gunnar ynskjer Rosendal Turnlag velkommen.

Bare smil og latter på scenen.


Kjekt å treffa andre frivillige rundt bordet.


Ikkje tvil om at desse to kosar seg

Kanskje dei har tatt eit fotoblinkskudd?

Engasjerte gjester




Gurine har engasjert heile Kvinnherad. Eit smykke som alle er stolte av .

Jubel både frå salen og scenen

Styret og dagleg leiar i SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad takkar for ein flott kveld og vi ser fram til neste gåveutdeling våren 2023.

Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad har dei siste 11 åra støtta fleire gode prosjekt i Kvinnherad, på Stord og i Odda. No er søknadsportalen open for haustens søknadsrunde. Vi skal i haust dela ut inntil kr. 10 000 000 Stiftinga er klar til å hjelpa organisasjonar som treng rettleiing ved søknad om midlar. Ta kontakt om det er spørsmål T: 924 44 714 E-post: Bente@sb1sk.no

Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

bottom of page