Eigarpolitikk

Overskrift 1

Frå vedtektene:

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank ASA.

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane
.

Grunnkapitalen til stiftinga er på kroner 151.748.350,-

 

Frå 01.01.2012 vart SpareBank 1 SR-Bank omdanna til aksjebank, og stiftinga vart då eigar av 6.069.934 aksjar i SpareBank 1 SR-Bank ASA, kvar pålydande kroner 25,-

 

SpareBank 1 SR-Bank ASA gjennomførde i mai-juni 2012 ein fortrinnsrettsemisjon.

Stiftinga kjøpte 156.649 nye aksjar, slik at vi no eig 6.226.583 aksjar i banken. Dette gjer stiftinga til ein av dei største eigarane i SR-Bank. 

Eigarandelen vår er i dag ca 2,43% av aksjane.

 

Det ansvaret eigarskapet fører med seg er er også spegla i vedtektene til stiftinga.

 

Finansdepartementet ga 21.06.2011 etter søknad SpareBank 1 SR-Bank løyve til å få omdanna seg til aksjebank. Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad fekk 01.01.2012 omgjort sine 6 069 934 eigenkapitalbevis til tilsvarande tal aksjar.   

 

Med denne omdanninga vart det etter vår meining lagt eit enno betre grunnlag for framtidsretta banktenester av høg kvalitet i området vårt, god verdiskaping i banken og etterfølgjande solid avkastning til aksjeeigarane.

 

Det er avkastninga som vil danna grunnlaget for stiftinga vår sine gåveutdelingar frametter.

 

For meir informasjon om SpareBank 1 SR-Bank ASA sjå:

www.sr-bank.no

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

E-post: post@sb1sk.no / daniel@sb1sk.no

Telefon: 53 47 70 40

Adresse: Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Orgnr. : 996 124 789