|
|
|
|
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad | SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vart skipa 1. november 2010 med forretningskontor i Kvinnherad Kommune. | | | Forstandarskapet i Kvinnherad Sparebank og representantskapet i SpareBank 1 SR-Bank gjorde i møter den 28. juni 2010 vedtak om at dei interesser, som bankane representerte, ville vera best tente med at sparebankverksemda i Kvinnherad Sparebank vart overteken og vidareført gjennom SpareBank 1 SR-Bank. | | | Samstundes vart det vedteke at Kvinnherad Sparebank etablerte ei stifting som skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Kvinnherad Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbyte til ålmennyttige føremål. | | | Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank. | | | Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting. | | | Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. | | | | | | | |
| |
|
|
SPAREBANK 1-STIFTINGA KVINNHERAD, STABBURSHAUGEN 5, 5460 HUSNES TLF: 53477040 EP: POST@KVINNHERADSTIFTINGA.NO |
|
| Dynamiske websider: iDrift AS - Design: Prinfo Media |